3 x Balansemerket: Opera Nordfjord, Operahuset Nordfjord og Malakoff Rockfestival

Å ta Balansemerket treng ikkje å vere eit einsamt prosjekt. Kurs, øvingar og kartlegging kan ofte med fordel gjerast på tvers av organisasjonar.

Når Nordfjord-baserte Opera Nordfjord, Operahuset Nordfjord og Malakoff Rockfestival no tek imot merket, ligg det gode samtalar med kolleger både i og utenfor eigen verksemd bak. Vi har prata med festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff, operasjef Kari Standal Pavelich i Opera Nordfjord og operahusleiar Geir Holmen hos Operahuset Nordfjord.

Konsertbilete frå Malakoff. Publikum i forgrunnen, og ein stor scene med eit metallband i bakgrunnen.

Foto: Mads Suhr Pettersen

– Gratulerer så mykje med Balansemerket til de alle tre!

– Tusen takk! Vi gler oss til å kunngjere at vi har teke Balansemerket og med det tydeleggjere at Opera Nordfjord er med i arbeidet for eit tryggare kulturliv for alle, svarer Opera Nordfjord.

– Hjarteleg takk, dette er stas! stemmer Operahuset i.

Malakoff fortel at dei på si side gler seg til å «smykke seg» med merket.

– Så kvifor valde de å ta merket?

– På grunn av dei viktige haldningane og verdiane som ligg i Balansemerket, seier Malakoff. Operakollegene er einige:

– Vi ønskte å jobbe meir bevisst med emna som Balansemerket tek føre seg, fortel Operahuset Nordfjord, medan Opera Nordfjord tilføyer:

– Vi har sett at i kulturlivet, slik det ofte er organisert, kan det oppstå situasjonar som vi ikkje ønsker. Balansemerket presenterer gode verktøy og haldningar, slik at vi kan vere ein del av løysinga og arbeidet mot seksuell trakassering og diskriminering hos oss.

– Kva tiltak har de utarbeidd?

– Operahuset Nordfjord: Vi har reflektert og kartlagt, både enkeltvis, internt og i fellesskap med Opera Nordfjord og Malakoff. Som kommunalt kulturhus følgjer vi Stad kommune sine etiske retningslinjer og varslingsrutinar. Nulltoleransen for trakassering og diskriminering blir synleggjort også for andre som er involverte i dagleg drift og på arrangementer.

Dei tre leiarane av høvevis Malakoff, Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord: f.v. Arnt-Ivar Naustdal, Kari Standal Pavelich og Geir Holmen.

Foto: privat

– Opera Nordfjord: Gjennom samtalar har vi kome fram til ein handlingsplan og definert våre standpunkt med tanke på seksuell trakassering og diskriminering. Vi vil fokusere på korleis vi snakkar om og med kvarandre, informere alle våre tilsette og medarbeidarar både på fast og midlertidig basis om kva haldningar og spelereglar som gjeld her, og vi har sett i system varslingsrutinar, dersom ein situasjon likevel skulle oppstå.

– Malakoff: Vi vil i endå større grad ha fokus på språk og begrepsbruk og vere bevisst på å skape gode haldningar og mellommenneskelige relasjonar. Det å omtale både kollegaer, samarbeidspartnarar og motpartar i respektfulle former er viktig for å etablere eit godt fundament.

– Topp! Det verkar som de har hatt god nytte av å kunne sparre med kvarandre på tvers av organisasjonane! Korleis opplevde de forresten prosessen med å ta Balansemerket?

– Prosessen har vore veldig nyttig! Vi har fått gå i djupna på kva vi står for og representerer og blitt meir medvitne på vår eiga rolle i å skape eit trygt og inkluderande kulturliv, svarer Opera Nordfjord.

Operahuset seier seg einige, og skryter av både merkeordninga og kollegene i Nordfjord:

– Balansemerket har svært gode verktøy for refleksjon omkring trygge arenaer, og det har vore ekstra verdfullt å jobbe i lag med Opera Nordfjord og Malakoff.

Også Malakoff understrekar verdien samarbeidet har hatt:

– Prosessen har vore svært lærerik og nyttig og gjort oss meir bevisste. Det at vi har teke Balansemerket, jobba og diskutert saman med Operahuset Nordfjord og Opera Nordfjord gjennom denne prosessen har vært gjort det ekstra nyttig.

– Kvar går vegen vidare no som de har oppnådd merket?

– Operahuset Nordfjord: Vi skal halde fram det viktige arbeidet med å fremje likestilling, mangfald og ein trygg arena for alle.

– Malakoff: Vi skal vere endå meir beviste på likestilling, mangfald og ha ein trygg arena for alle ved planlegging, produksjon og gjennomføring av våre arrangement

– Opera Nordfjord: No har vi gode verktøy og rutinar og gode samarbeidspartnarar i Operahuset Nordfjord og Malakoff. Saman står vi for ein stor del av det profesjonelle kulturtilbodet i vår kommune. Prosessen med å ta Balansemerket har gitt oss eit veldig godt fundament for å sikre tryggare og meir inkluderande rammer for vår drift, og for å gjere det tydeleg for vårt nettverk kor vi står. Vi ønskjer å vere gode rollemodellar for korleis ein kan drive trygt og ha ein medviten, inkluderande måte å prate om og med kvarandre på.


Er verksemda di interessert i å ta Balansemerket, eller ønsker du informasjon om ordninga? Ta kontakt med prosjektleiar Victoria Øverby Steinland på victoria@balansekunstprosjektet.no.

Forrige
Forrige

Balansemerket til Riksscenen

Neste
Neste

Velkommen til Balansekunst, Paulina!